Straum Andre tenester Om Sunnhordland Kraftlag Kontakt Framsida
Kundetorget tlf: 800 80 800 - Åpningstid: Man-Fre 9 - 17


Dette er SKL

Eit kraftsenter for framtidsretta energiforsyning

Sunnhordland Kraftlag (SKL) er eit vertikalintegrert energiselskap med omfattande aktivitetar i regionane mellom Stavanger og Bergen, og har som visjon å vera eit kraftsenter for framtidsretta energiforsyning.

For å legge til rette for ei meir framtidsretta og effektiv organisering har styret overfor generalforsamlinga den 21. april tilrådd å konsernorganisere verksemda med verknad frå 1. januar 2009. Konsernet vil omfatte eit morselskap og tre dotterselskap, eitt for kvart av forretningsområda Produksjon, Nett og Marked.

I 1953 sette SKL i drift det første aggregatet i Blådalsvassdraget i Kvinnherad, og med det blei det lagt eit svært viktig grunnlag for utvikling i regionen.

I dag er heile samfunnet bygd kring ei sikker tilførsle av straum, og frå ein regional ståstad er det selskapet si målsetjing å framskaffe ny kraftproduksjon og vidareutvikle ein konkurransedyktig struktur og kvalitet innan energidistribusjon.

SKL er i vekst og positiv utvikling, og har i dag rundt 120 tilsette. Selskapet hadde i 2007 ei omsetning på 703 mill kr og eit resultat etter skatt på 267 mill kr.Hovudkontoret ligg i Stord, eit mangfaldig regionsenter som òg er i vekst og positiv utvikling.

FORRETNINGSOMRÅDE

Kjerneverksemda til SKL er produksjon, overføring og engrosomsetning av elektrisk kraft. Kraftproduksjonen i 2007 vart 2,25 TWh.

Med grunnlag i primæraktivitetane er det utvikla nye forretningsområde som IKT leveransar til kraftbransjen, fiberbasert breiband til privatmarknaden og sal av naturgass.

HISTORIKK

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) vart skipa i Stord i 1946 som eit regionalt samarbeidstiltak for å sikre stabil og tilstrekkeleg tilgang på elektrisk kraft til Sunn- og Midthordland.

Gjennom ein retta emisjon mot Karmsund Kraftlag i 1951 (i dag Haugaland Kraft), vart samarbeidet utvida til òg å omfatte Nord-Rogaland (Haugalandet).

I fleire år på rad er SKL kåra til eit av landets mest veldrivne og lønsame energiselskap. No står me framfor nye utfordringar med å utvikle selskapet vidare som ein komplett leverandør av framtidsretta energiløysingar.

KRAFTPRODUKSJON

Kraftproduksjon er og har alltid vore SKL sin viktigaste aktiviet. SKL eig og driv i dag i alt 8 kraftstasjonar i Kvinnherad, Fusa og Stord, og har 8,75 % eigardel i Sima kraftanlegg i Eidfjord. Samla yting er 566 MW, og middel årsproduksjon utgjer 1625 GWh. I 2007 vart produksjonen 2251 GWh.

Alle SKL sine kraftverk har konsesjon utan heimfall. Dette vert og stadfesta ved regjeringa si provisoriske tilordning av 10. august 2007.

Av produksjonen kjem 80 % frå Blådalsvassdraget (Blåfalli) i Matre i Kvinnherad kommune. Her er rundt 30 % av nedslagsfeltet dekka av isbre (Folgefonna), noko som har utjamnande effekt på tilsiga slik at ein òg kan få høg produksjon i år med lite nedbør.

Gjennom ein retta emisjon våren 2003 gjekk SKL inn som 15 % eigar i Aktiselskabet Saudefaldene. Med det vidareførte og styrka Elkem og SKL sitt lange samarbeid for oppgradering og utbygging av kraftanlegga i Sauda.

KRAFTSAL I ENGROSMARKNADEN

Kraftsalet skjer i engrosmarknaden og utgjorde 2372 GWh i 2007. Dette vart dekka gjennom eigenproduksjonen på 2251 GWh og kjøp av 121 GWh.

NETT

SKL syter for overføring av elektrisk kraft frå overliggjande sentralnett, og frå produksjonsanlegga og ut til dei lokale energiverka. Til dette føremålet eig og driv SKL eit omfattande regional- og sentralnett i Sunnhordland og på Haugalandet, i hovudsak på 66 og 300 kV spenningsnivå. Samla trasèlengde på 580 km, av dette 40 km sjøkabel i samband med fjordkryssingar. Til saman 20 transformatorstasjonar inngår.

Hovudtyngda av denne energitransporten går gjennom regionalnettet med 66 kV driftsspenning. Regionalnettet har utgangspunkt i Blåfalli, og er delt i to hovudgreiner: Sunnhordlandsnettet som forgreinar seg til kommunane Kvinnherad, Tysnes, Stord, Bømlo, Fitjar, Austevoll og Fusa, og nettet mot Etne, Ølen og Haugalandområdet.

Gjennom regionalnettet blei det i 2007 levert 2178 GWh mot 2034 GWh i 2006.

Med verknad frå 1. januar 2007 kjøpte SKL distribusjonsnettet i Stord, og med det eit nytt nettnivå. Samle trasèlengde for distribusjonsnettet er 629 km, kor av 363 km er kabel. Samla levering i 2007 var 208 GWh fordelt på vel 8000 kundar.

BREIBAND
I siste halvdel av 2004 tok Sunnhordland Kraftlag avgjerda som fleire andre kraftlag og energiverk landet rundt også har tatt; utbygging av fiberoptisk breiband skal vera eit satsingsområde.

SKL breiband har private husstandar i Stord som nedslagsfelt for sin breibandsutbygging. Utbygging av et fiberoptisk breibandsnett må sjåast på som bygging av viktig infrastruktur. Dagens samfunn vert stadig meir reindyrka i retning av kommunikasjon og informasjons- og dataflyt. Dette er ei utvikling som berre kjem til å koma sterkare og sterkare i åra framover.

Utbygginga tok til i juni 2005 og er rekna til å strekka seg over 4 - 5 år. Målsetjinga er 60 % dekning.

KRAFTTAK FOR FRAMTIDA

For å auke den norske energidistribusjonen basert på fornybare energikjelder, ønskjer styresmaktene å prioritere opprusting og utviding av allereie utbygde vassdrag. SKL har teke denne utfordringa på alvor, og har over tid arbeidd aktivt for å auke produksjonen i Blådalsvassdraget i Kvinnherad og gjennom deltaking i Saudaprosjektet.

I Blådalsvassdraget er fleire tiltak gjennomført, kor av det største var bygginga av kraftverket Blåfalli Vik. Dette kraftverket har ein installert effekt på 230 MW, og årleg middelproduksjon på 710 GWh.

Blåfalli Vik erstattar kraftverka Blåfalli I og II lengst nede i vassdraget. Blåfalli II var tidlegare det eldste og største kraftverket i SKL. Sidan oppstarten i 1953 produserte det 27 TWh, men m.a. slukeevna i kraftverket var for lita. Dette gav år om anna vasstap, samstundes som det hindra ei fleksibel og effektiv utnytting av dei andre kraftverka lengre opp i vassdraget.

Blåfalli II og I vart fasa ut då det nye kraftverket Blåfall Vik sto klart sommaren 2007.

SMÅKRAFT
Småkraft er eit viktig satsingsområde for SKL.

Både åleine og i samarbeid med andre energiselskap i regionen, arbeider SKL med ei rad prosjekt i Ryfylke, Haugalandet, Hardanger, Sunnhordland og delar av Midthordland. Fleire av anlegga er konsesjonssøkt.

MEIR UT AV KVAR DRÅPE
Ein moderne kraftstasjon utnyttar i dag over 90 % av energien i regnvatnet. Til samanlikning utnyttar bilane i dag berre 25 % av energien i bensinen.

Framtidsretta energiforsyning betyr å ta i bruk ny teknologi og den fremste kompetansen!

VINDKRAFT
Vindkraft er òg eit satsingsområde for SKL. Dette vert gjort gjennom Vestavind Kraft AS, eit selskap som i lag med eigarane arbeider med ei rad store prosjekt langs vestlandskysten.

NATURGASS

Med grunnlag i forretningsplan, vart det i august 2006 fatta prinsippvedtak om utbygging av eit røyrbasert distribusjonsnett for naturgass i Stord og sal til sluttbrukarar. Utbygging av naturgassnettet har tatt til, og det er sterk fokus på ei rask utbygging til nøkkelkundar. Samtidig vert det lagt til rette for sal i småskala til hushald, næringsliv og institusjonar i Sunnhordland.

LNG-terminalen som skal forsyna Stord med naturgass er lagt til Eldøyane Næringspark.

ANDRE AKTIVITETAR

Med grunnlag i eigen infrastruktur har SKL investert i deloppbygging av både eit radioline- og fiberoptisk samband mellom Bergen og Stavanger. Dette vert leigd ut til BKK Bredband.

I eigen regi sel SKL tenester innan netteknologi og IKT.

Lokalisert til Stord har selskapet ein døgnbemanna driftssentral. I tillegg til overvaking og styring av SKL sine produksjons- og nettanlegg, og har sentralen òg oppgåver for andre nettselskap.

Styresmaktene har tydeleg signalisert at ein vil auka innsatsen for el-tryggleik. Etter å ha overtatt ansvaret for el-tryggleiken i Stord frå og med 2007 er dette no eit satsingsområde for SKL. Kompetansen vert styrka, og det er gjort avtalar om samarbeid med fleira av dei andre nettselskapa i regionen.

SKL sel vidare ei rad andre tenester som mellom anna drift av gatelys i Stord, entreprenøroppdrag for BKK Breiband og installasjon av alarmar for BKK Nett.

SKL er òg kundekontakt for Fjordkraft og har avrekning på deira kraftsal i Stord.

FRAMTIDSUTSIKTER

Vasskraftproduksjonen er den klart største bidragsytaren til SKL sitt resultat, og selskapet har som målsetjing å styrke sin posisjon innan dette området. Vasskraft er ein miljøvennleg og fornybar ressurs med svært positiv verdiutvikling. Tilgang på ny produksjon får selskapet gjennom utvikling av Blådalsvassdraget i Kvinnherad, deltaking i Saudaprosjektet og gjennom ei målretta satsing på småkraft. Samtidig satsar selskapet på miljøvennleg og fornybar vindkraft gjennom Vestavind Kraft AS.

For å ivareta omsynet til kostnadseffektiv drift er det etter SKL sitt syn òg viktig å gjere noko med nettstrukturen i regionen. SKL meiner at eit utvida regionalt samarbeid, i tillegg å styrke den økonomiske sida, òg vil bidra til å styrke funksjonar, arbeidsplassar og kompetansemiljø i regionen. Overtaking av tilsette og aktivitetar frå BKK Stord frå og med 1. januar 2005 og eigarskapen til distribusjonsnettet med verknad frå 1. januar 2007 er i denne samanheng viktige steg i rett retning. Samtidig gir det SKL grunnlag for satsing på nye område og tenester.

Vurdert i dag er SKL i positiv utvikling og vekst, og at det er grunnlag for vidare utvikling innan både den tradisjonelle kjerneverksemda og nye forretningsområde.


ORGANISASJON

SKL er eit integrert selskap med alle aktivitetar samla. Verksemda organisert som følgjer:

Adm direktør Magne Heimvik

Stab
Nestleiar Odd Terje Waldal
Økonomisjef John Martin Mjånes
Organisasjonssjef Tjerand Espeland

Ressursdivisjonen
Divisjonssjef Dagfinn Vatne

Kundedivisjonen
Divisjonssjef Jan-Petter Myhre

Produksjonsdivisjonen
Divisjonssjef Øystein Telnes

Nettdivisjonen
Divisjonssjef Asbjørn Tverdal

Energi til utvikling