|
Kraftanlegg
 |
SKL sin midlare kraftproduksjon er 1625 GWh. Samla yting er 489 MW. I 2006 vart produksjonen 1519 GWh mot 1890 GWh i 2005.
Produksjonen skjer i 8 heileigde kraftverk i Matre i Kvinnherad (Blåfalli), Eikelandsosen i Fusa, Børtveit og Lundseter i Stord og gjennom 8,75 % eigardel til Sima kraftverk i Eidfjord.
Kraftanlegga i Blåfalli står for heile 80 % av produksjonen. Blådalsvassdraget ligg mellom Hardangerfjorden og Åkrafjorden i kommunane Kvinnherad og Etne i Hordaland. Vassdraget har sitt utspring i Folgefonna og renn ut i Matrefjorden. Nedbørsfeltet er på ca 179 km2, av dette ca 65 km2 isbreareal opp til ca 1600 m o.h. Årsnedbøren i området er stor, i gjennomsnitt over 4000 mm (Bergen har 2250 mm). Dette gir eit årleg tilsig på knapt 759 mill m3, eller ca. 24 m3 pr. sek. I nedbørsrike år legg fonna på seg og "held att" nedbør. I nedbørsfattige år og varme somrar smeltar meir enn snømengda siste året. Folgefonna jamnar på den måten ut avrenninga.
I Indre Matre er det målt 230 mm nedbør eitt enkelt døger. Dette er døgnrekord i Noreg.
Kraftutbygginga i vassdraget tok til i 1947 og kraftproduksjonen kom i gang i 1953. Anlegga slik dei står i dag er bygd ut i all hovudsak i eigen regi i ein nærast samanhengande periode på meir enn 60 år. Det er 5 kraftstasjonar, 4 i fjell og 1 i dagen, med til saman 7 maskinar. Samla effekt er 359 MW og årsproduksjonen er på 1296 GWh. Dette tilsvarar forbruket til rundt 110.000 menneske i heim og arbeid.
Reguleringa i Blådalsvassdraget omfattar 6 magasin med tilhøyrande dammar. Største magasinet er Blådalsvatnet ca 700 m o.h. Det er bygt ca 30 km anleggsveg frå Matre opp til Møsevatn like under Folgefonna, 873 m.o.h.
REGULERINGSANLEGGA
For å nytta ut vassressursane på ein god måte har det vore nødvendig med omfattande dambygging og tunneldriving. Med unntak av dammen for Opstveitvatnet, som er fyllingsdam med sentral morenetetning, er alle større dammar steinfyllingsdammar med tetningsplate på vassida. Totalt damvolum er ca 1.200.000 m3 og totalt magasinvolum ca 338 mill.m3.
Det er drive ca 14 km driftstunnelar og sjakter, ca 23 km overførigstunnelar og ca 4 km veg- og hjelpetunnelar, til saman ca 41 km, med tverrsnitt mellom 6 m2 og 70 m2.
NØKKELTAL FOR ØVRIGE ANLEGG
Sima i Eidfjord: Årleg middelproduksjon 233 GWh og installert effekt 98 MW.
Eikelandsosen i Fusa: Årleg middelproduksjon 80 GWh og installert effekt 30 MW.
Børtveit i Stord: Årleg middelproduksjon 8 GWh og installert effekt 2 MW.
Lundseter i Stord: Årleg middelproduksjon 2 GWh og installert effetkt 0,7 MW.
|