Straum Andre tenester Om Sunnhordland Kraftlag Kontakt Framsida
Kundetorget tlf: 800 80 800 - Åpningstid: Man-Fre 9 - 17


Overføringsanlegg

overforing.jpg

Kraftnettet er underlagt monopolkontroll, og er rekneskapsmessig delt i sentralnett, regionalnett og distribusjonsnett. SENTRAL- OG REGIONALNETT SKL syter for overføring av elektrisk kraft frå overliggjande sentralnett og frå produksjonsanlegga og ut til dei lokale energiverka. Hovudtyngda av denne energitransporten går gjennom SKL sitt regionalnett med 66 kV driftsspening. Dette nettet har utgangspunkt i Blåfalli, og er delt i to hovudgreiner: Sunnhordlandsnettet som forgreinar seg til kommunane Kvinnherad, Tysnes, Stord, Bømlo, Fitjar, Austevoll og Fusa, og sørnettet mot Etne, Ølen og Haugalandområdet. Utbygginga av dette nettet starta i 1947, og dei fyrste delene vart spenningssette samstundes som kraftproduksjonen starta i Blåfalli i 1953. Sidan den tid har nettet blitt utbygd og forsterka i takt med forbruksutviklinga. Ved inngangen til 1980-åra vart det klart at 66 kV-nettet ikkje lengre kunne halda tritt med forbruksveksten, og det vart teke avgjerd om å byggja eit 300 kV-nett i ein ring mellom Husnes, Stord, Spann (Haugesund) og Håvik (Norsk Hydro). Dette skjedde i eit samarbeid mellom SKL, Haugesund Energi (no Haugaland Kraft) og olje- og aluminiumindustrien. Desse anlegga vert leigde ut til Statnett og drivne som ein del av sentralnettet. Regionalnettet er kopla opp mot sentralnettet i Blåfalli, Husnes, Stord, Spanne og Håvik. Gjennom regionalnettet vert krafta levert dei lokale distribusjonsselskapa på 22 kV spenningsnivå, og transformert ned til denne spenninga i transformatorstasjonane. Til dette føremålet har SKL 19 transformatorstajonar, spreidde over over Sunnhordland og Haugalandet. Regionalnett i drift 66 kV luftlinjer 368 km 66 kV kablar 31 km 22 kV luftlinjer 19 km 22 kV kablar 9 km Samla yting i transformatorstasjonane: 66/22 kV 322 MVA 66/11/5 kV 40 MVA Sentralnett i drift 300 kV luftlinjer 80 km 300 kV kablar 10 km Samla yting i transformatorane: 300/66 kV 480 MVA DISTRIBUSJONSNETT Med verknad frå 1. januar 2007 overtok SKL distribusjonsnettet i Stord frå BKK Nett, og selskapet fekk med det eit nytt nettnivå. Nettet har i drift: lågspent linjenett 227 km høgspent linjenett 77 km lågspent kabel 200 km høgspent kabel 80 km I distribusjonsnettet inngår i overkant av 300 fordelingstransformatorar med ei samla yting på 107 MVA. KRAFTSYSTEMUTGREIING FOR SUNNHORDLAND OG NORD-ROGALAND SKL er planansvarleg selskap for regionalnettet i Sunnhordland og Nord-Rogaland. Kraftsystemutgreiinga vert revidert årleg innan 1. juni, og gjort tilgjengeleg på SKL si heimeside på internett. VIDARE ARBEID OG FRAMTIDSUTSIKTER Viktige oppgåver framover vil vera å optimalisera drift og vedlikehald, ha tilfredsstillande avkastning samtidig som leveringstryggleiken vert ivaretatt og gjennomføre tiltak for å bidra til selskapsmessig og regional utvikling. SKL arbeider også aktivt for vere ein attraktiv samarbeidspartnar i samband med utbygging, drift og vedlikehald av nye nettanlegg ved utbygging av ny kraftproduksjon i regionen. Overtakinga av distribusjonsnettet i Stord frå 1. januar 2007 gir i selskapet nye utfordringar då ein gjennom det har fått eit nytt nettnivå, men det gir også nye muligheiter både internt og mot regionale samarbeidspartnarar. Vurdert utifrå dagens situasjonen ligg forholda godt til rette for ei fortsatt positiv utvikling.

Energi til utvikling