Toppbilde

Om SKL småkraft

Kva trengst for å lukkast med eit småkraftprosjekt??

Du treng ein samarbeidspartner du kjenner deg trygg på. Ein partnar som har vist at han kan få til lønsame utbyggingar, som har solid økonomi og som kan forvalta vassressursen best mogleg. SKL (Sunnhordland Kraftlag) er nettopp denne solide samarbeidspartnaren.

SKL har kompetanse, kapital og gjennomføringsevne. Me har drive med kraftproduksjon i over 60 år, og er av dei mest solide kraftselskapa i landet. SKL har lokal og regional forankring i Sunnhordland og Haugalandet, og er eigd av offentlege regionale interesser (kraftlag, kommunar).

Me lover ikkje gull og grøne skogar, men legg vekt på nøktern og ærleg kommunikasjon omkring utbygginga.

Planar om småkraftutbygging?

Korleis få til ei god og lønsam utbygging?