Grunneigarar er ulike og har ulike ynskje. Vi i SKL småkraft vil difor skreddarsy eit opplegg som passar nett for deg.
Kor mykje ei elv eller foss er verd varierer frå prosjekt til prosjekt, der utbyggingskostnad og produksjonsevne er dei viktigaste faktorane.
Fallrettsleige
Ved fallrettsleige betalar SKL Småkraft deg for kvar kWh som blir produsert ved småkraftverket. Betalinga er ein prosentdel av brutto inntekt ved sal. Det betyr at det berre er to faktorar som påverkar kor stor utbetalinga blir; kraftpris og produsert kraftmengd.
Samarbeidsmodellar
SKL er svært fleksible når det gjeld val av samarbeidsmodellar. Det mest vanlege er at utbygginga vert gjort av eit eige aksjeselskap der SKL er eigar, åleine eller saman med eit av samarbeidsselskapa våre. Grunneigarane har i denne modellen representasjon i styret for kraftverket. Utbyggingsselskapet betalar fallrettsleige til grunneigarane
Men SKL er også opne for at grunneigarane vert med og investerer i prosjektet. Grunneigarane vert då medeigarar på line med SKL, og er med og deler overskot og underskot for kraftverket.
Også ved denne modellen vil grunneigarane sjølvsagt få utbetalt fallrettsleige, som i den fyrste modellen.
Dette er døme på korleis vi kan samarbeida. Har du spørsmål eller andre ynskje om samarbeidsform, er me også vera opne for det. Ta gjerne kontakt!