Ein trygg samarbeidspartnar
SKL er mellom dei mest solide kraftselskapa i landet. Det er viktig for deg som grunneigar å ha ein samarbeidspartnar som held det ein lovar, og ein samarbeidspartnar som stiller opp om 20, 30 eller 40 år og har økonomisk evne til å ta ein støyt dersom noko uventa skulle skje. Vi legg ein lang tidshorisont til grunn når vi vurderer om eit prosjekt er lønsamt eller ikkje.
SKL småkraft er ein del av SKL. Det inneber at vi drar nytte av kunnskap frå heile SKL, også frå dei som ikkje arbeider spesielt med småkraft til dagleg. SKL Småkraft held til i hovudkontoret til SKL på Leirvik i Stord. I Eikelandsosen i Fusa har vi ei lita avdeling som berre arbeider med småkraft. Dessutan trekkjer vi på kunnskap og kompetanse frå kraftproduksjonsavdelinga vår i Matre i Kvinnherad..
Samarbeid
SKL småkraft har tett og nært samarbeid med Fusa Kraftlag, Haugaland Kraft og Skånevik Ølen Kraftlag. Til saman har desse ein unik kombinasjon av solid lokal forankring i sine regionar og høg kompetanse innan utbygging og drift av kraftverk.